50.

1. Kva var det siste du skribla ned på eit papir?
Tankar og idéar som måtte ut av systemet. Mitt hovud eksploderar til tide av ....

2. Kva har du alltid i veska?


Eg går med veske nesten dagleg, men aldri ei stor. Så i mi veske er der kun det lille som får plass. Mobil, nøklar og lommebok. Muligvis eit solbrillepar, drops og ein god mengde ymse billetar.
3. Kva bestiller du på kafé?
Cortado, om dei har. Dobbel cortado. 
4. Kva nettsider besøker du daglig?
Utanom det vanlege facebook etc. så alt mulig. Det som går igjen er vel Finn.no, Zara.com og sider som selger garn. 
5. Kven ringer du til når du er sint/lei deg?
Mamma. Eller Johanne. Kjem ann på kva som har gjort meg sint/lei.
6. Kva farge er det på tannbørsten din?
Eg har vel kanskje 3? Men blått går igjen i farge.
7. Kan du bytta olje på bilen?
Nei. Men hadde nok googla det.
8. Kva har du hatt av kjæledyr?
Kattar. Ønska meg dalmatiner kvar gong eg fann ein firkløvar, men må ha vore defekte alle kløverane eg kom over. Hadde og ei dvergkanin eit par år.
9. Har du piercingar?
Ja heilt vanlege i øyra. 
10. Norge på sitt beste?
I solskinn med haustfargar og tjukkegensar temperatur. Kakao i sekken og kvikklunsj i lomma.

Leah_ved_ringshaug_DSC_2710

11. Kva gjer deg lei deg?
Når eg ikkje føler framgang. Når eg sitt med hundre gode idéar og ikkje veit kva ein gjer med dei derfra.
12. Kva gjer deg glad?
Ein god nyhet. Når eg finn ein bra serie. Deilig, deilig kaffi.., og mat. Blir alltid glad for mat.
 13. Hva er drømmejobben din?
Eit eller anna med design og kreativitet. I eige foretak/butikk.
14. Abonnerer du på et vekeblad?
Nei. Har sagt opp alt. Eg elskar blad/magasin, men dei gjev med dårlig pengesamvittighet og tek opp for mykje plass. For kaste dei? Nei, det var så mange gode tips/ting inn i som eg "definitivt" kjem til å få bruk for igjen. Dessutan er dei jo så fine.
15. Kva var det siste du kjøpte?
Kjøtkaker til middag. Nei alt utanom kjøtkakene. Det hadde vi fra før, og var derfor eg måtte kjøpe alt det andre. 
16. Liker du kinesisk mat?
Ja! Eller ja? Asiatisk mat i hvertfall.
17. Når var du i kyrkja sist?
I bryllup. I sommar.  
18. Kven var den siste som gjorde noko ekstra spesielt for deg?
Karen min. Stjal med seg ei fin sigarillo øskje fra eit gamalt loft han arbeidde på, berre fordi han visst eg ville like ho.
19. Har du nokonsinne vore i ein ambulanse?
Ja, men berre for å sitte på til butikken, skulen etc. Mora til ei venninde var ambulansearbeidar.
20. Kan du rulle med tunga?
Oh yeah!


21. Kor lang tid bruker du om morgenen?
Til å bli klar? Når eg har en avtale 20-30 min. Ellers? Heile formiddagen.
22. Bannar du ofte?
Det hender seg at det skjer. Ikkje noko vondt i litt fargerikt språk av og til vel.
23. Kva er det lengste du har campa i eit telt?
Er ikkje den store teltaren, sjølv om eg eigentleg likar det. Malakoff Rockfestival kanskje. Eller på ein reunion på Vennesla.
24. Kor mange søsken har du?
To eldre systre.
25. Kva slags utdanning har du?
VGS, FHS, Eit år på NTNU og no Høgskulen i Volda.
bukett_DSC_276726. Kor mange stader har du budd?
Selje, Stokke, Flisa, Trondheim, Måløy.
27. Kva kroppsdel er du mest fornøgd med?
Leggane.
28. Kva kroppsdel er du minst fornøgd med?
Nasa. Ho knakk ein gong på ei trampoline.
29. Er det viktig å feira bursdagar?
JA! Eg hatar min eigen bursdag då. Håp og forventningar som aldri blir slik ein føler alle andre har. Eg føler meg naken på bursdagar.
30. Har du tatt vare på klesplagg fra da du var liten?
Ja har ei heile kasse eller to oppe på loftet hos foreldra mine.
31. Nevn éin ting som er irriterande med å blogga?
Skyldfølelsen for å ikkje ha gjort det.
32. Kor mange glas vatn drikk du kvar dag?
Vatn? Reint vatn? Alt for få.
33. Når legg du deg om kvelden?
Rundt midnatt.
34. Favorittfag på skolen?
Kunst og handverk, Heimkunnskap og Engelsk.
35. Chips eller smågodt?
Smågodt med mykje salt lakris. Chips med dip om ein er saltsjuk.
36. Siste filmen du såg?
Tallulah, på netflix.
37. Det mest romantiske du har gjort?
Oi, ehm vanskeleg å seie. Må nok øve på å bli meir romantisk. 
38. Den perfekte vertinnegåva er?
Noko lite og fint, som ein kan ete opp eller kaste når det dør. Eg syns så vondt om små duppedittar vi får som ein ikkje har nytte av og som eigentleg berre forsøplar planeten. Alt skal vere so holdbart, men det er ikkje alltid rett syns eg. Til og med eg vil kunne bli kompostert ein gong. Uheldigvis ikkje alle eigendelane mine då.
39. Kor gamal er pappaen din?
Han er 64.
40. Har du vore i avisa?
Jo sikkert ved eit par anledningar som drillkonkurransar etc. 
Bukett_vindu_DSC_2760


41. Eit sitat du likar?
Jo, men å komme på dei...
42. Kva farge likar du best på neglene?
Grå
43. Kven er forbildet ditt?
 Eg har nok ikkje noko konkret forbilde, men der er mange som inspirerar meg. Charlott Pettersen som alltid klarar å finne det stilreine i det gamle. Theresa Maria Jessing som har sitt eige foretak med illustrasjon og bøker proppfulle av gode kreative idéar. Mariell som har flytta tilbake til sin vesle heimstad i fylket og klarer å livnære seg på sine eigne skapande evne. Det inspirerar meg til å gjere det sjølv!
44. Er du forfengelig?
Jo, er vi ikkje alle? 
45. Finst det noko du virkelig har lyst til å gjera, men ikke har hatt mulighet, tid eller råd til?
Ta med Karen min å reise. Bu ei stund på Svalbard. Å vakre, vakre Svalbard! Men sånn innerst inne? Satse på noko sjølv.
46. Har du vært gift eller forlovet?
Nei.
47. Kva kjøper du helst: klede, vesker eller sko?
Det blir fort klede! 
48. Føler deg ung eller gammel for alderen?
Ung kanskje? Følar eg liksom ikkje veks inn i alderen min før rett før eg skal ha bursdag igjen. 
49. Kva uvaner har du?
At eg har alt for mange prosjekt i gong på same tid.
50. Kva skal du gjera når du er ferdig med å svara på alle spørsmåla?
Lage litt meir kaffi, og kome meg ut av pysjamasen.

Liste lånt frå Hjartesmil

Up north


2016-04-03 18.14.57-2


Om du tørr å krysse havet langt nok nordover kjem du til ei arktisk øy med namn Svalbard. Ein heilt fantastisk plass med ei overraskande samling av varme og trivelige mennesker som klamra seg fast i ein ørken av kulde. 

Eg var så heldig å få dra dit akkurat i månedskifte mellom mars og april. Vi kunne ikkje komt på ei betre tid, og Spitsbergen viste seg fra si beste side. 


2016-04-01 14.58.27


Første dagen våkna vi opp til den klaraste blåmalte himmelen eg har sett, og sola var med oss heile dagen. Det passa utmerket sida det var dagen for den 8 timar lange snøscooter-turen til Barentsburg, den russiske byen på øya. Der var det forresten som å komme fleire år tilbake i tid. Det var lite tvil om at det var russisk territorium vi entra då vi kjøyrde inn blant alle dei gamle murhusa.

2016-04-01 09.50.55

Svalbard er ein plass eg absolutt har lyst å komme tilbake til, og gjerne for eit år om anledninga skulle by seg. Den fekk ein god plass i hjertet mitt med all den hjerterommet som eksisterar der oppe.   Eg og karen-min hadde det så bra der oppe, og god mat og billig drikke var det ikkje noko problem å finne inne i Longyearbyen. 




opprett nytt innlegg...

Har sette meg ned med tekoppen, satt i gang ei liste på spotify, huset er sånn okei rydda, og teikneblyantane og teikneblokka ligg klar til å jobbast med. Kva gjer eg? Jo, sitt klistra til skjermen. Oppretta eit nytt innlegg på bloggen eg starta for litt for mange år tilbake. Gir den eit nytt forsøk og, håpa på at orda skal strømme til ut av intet. Ironisk. Gjennom ein dag kan eg ofte komme opp med tema eg kunne tenkt meg å ytra litt tankar om og fått samla ein stad. Tema eg ikkje alltid føle eg har andre rundt meg å diskutere med eller lesse alle mine tankar på. Saknar det. Det er viktig å luftast av og til. Menneske, hundar, dyner, golvteppe. Tankar også. Så er det det her som må til? Bloggar er jo kanskje den flauaste tittelen ein kan ha i det her tiåret. Æsj, skit la gå. Driter i det.  Det er vel verre ting ein kan bruke sine utdelte timar av døgnet på...

Eg brukar store delar av mine foran skjermen allikevel.




Skårbø



Ein haustmorgon






Det er fredag, det er helg, og det er haustens fyrste regn-bløyte med god vind i kasta. 


Då blir det god stemning av å få sitte inne med ei kanne nytrekt te, tente lys og eit av mine mange mjuke strikkeprosjekt. Her er starten på ei Lille Leopardjakke / PICKLES i deilig Pickles Big Fuzz som ei omtenksom lita frøken skal få ved nærmaste gjensyn.



 Så eg strikkar i alle ledige stunde for å bli ferdig i tide. Så morgenstunda mi med frokost har det fort med å strekke seg framover formiddagen. Så på tide og legge vekk pinnane, og ta fram arbeidskravet.



God Fredag!